tirsdag 7. januar 2014

Oppgåve om idrett og kjønnsroller

NB: Les fyrst boka s. 184 - 191.

I Noreg har vi eit kjønnsrollemønster. Ei kjønnsrolle vert definert som den summen av dei krava og forventningane som er knytte  til det å være gut og mann, og til det å være jente og kvinne i eit samfunn. Det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret står fortsatt sterkt i Noreg. Det vert forventa at kvinnene har hovudansvar for barna dei fyrste leveåra og at dei har hovedansvar for matlaging og reinhald. Mennene har hovudansvar for den økonomiske forsørginga. Dette gjer at det er langt fleire kvinner enn menn som jobbar deltid. Barn har tette band til mor dei fyrste leveåra og det er derfor naturlig at mødrene har hovedansvar de fyrste åra. Vasking og matlaging blir også naturleg å ha hovudansvar for sidan kvinna er heime store delar av dagen.
     
Grafen ovanfor viser at menn og kvinner er like aktive i alderen 16-24 år. Henholdsvis 33 og 31% driv med organisert idrett. I alderen 25-44 år der dei fleste stiftar familie endrar dette seg. Langt færre kvinner forblir aktive. Dette er ein konsekvens av kjønnsrollemønsteret som er kommentert ovanfor. Kvinner må trappe ned medan mennene fortsetjer. Er dette rettferdig?
Diskuter denne problemstillinga. Kommentaren skal være på minst 100 ord.

torsdag 28. november 2013

Oppgåve om Idrett og massemedia / idrett og kjønnsroller


Sjå på videoklippet under og lista (2009) under klippet.

http://www.nrk.no/video/luselonn_i_kvinnefotball/30E4B9F92D480927/

1. Steffen Iversen, RBK: 7 mill
2. Martin Andresen, VIF: 4,5 mill
3. Thomas Myhre, Viking: 4 mill
4. Eirik Bakke, Brann: 3,7 mill
5. Erik Huseklepp, Brann: 3,3 mill
6. Axar Karadas, Brann: 3,1 mill
7. Rune Lange, VIF: 3 mill
7. Vidar Riseth, LSK: 3 mill
7. Roar Strand, RBK: 3 mill
10. Hassan El-Fakiri, Brann: 2,8 mill
11. Marek Sapara, RBK: 2,75 mill
12. Dan Thomassen, VIF: 2,7 mill
13. Njogu Demba Nyrén, Brann: 2,6 mill
14. V.P. Gunnarsson, Stabæk: 2,5 mill
14. Daniel Nannskog, Stabæk: 2,5 mill
14. Andrius Velicka, Viking: 2,5 mill
14. Thomas Holm, Molde: 2,5 mill
18. Kristofer Hæstad, VIF: 2,3 mill
18. Ronny Johnsen, VIF: 2,3 mill
18. Bjørn T. Kvarme, RBK: 2,3 mill
21. Nicolai Stokholm, Viking: 2,2 mill
21. Peter Ijeh, Viking: 2,2 mill
23. Martin Fillo, Viking: 2 mill
23. Allan Gaarde, Viking: 2 mill
23. Shane Stefanutto, Lyn: 2 mill
23. Per C. Skjelbred, RBK: 2 mill
23. Pat Noonan, AaFK: 2 mill
23. Christer Basma, RBK: 2 mill
29. Thorstein Helstad, Brann: 1,9 mill
29. Jan Gunnar Solli, Brann: 1,9 mill


KOMMENTAR:Det er naturlig at det er stor ulikskap når det gjeld løn mellom kvinner og menn i idretten. Mennene driv idrett på et heilt anna nivå og det krevst langt meir for å lykkast. Herreidrett er langt meir attraktivt å sjå på og genererer derfor også mykje meir pengar. Det er markedet som bestemmer også i idretten og det må kvinnene finne seg i å akseptere. At kvinneidrett er så lite attraktivt at det vert vanskeleg å drive toppidrett (leve av idretten) er fyrst og fremst kvinneidretten sitt problem. Kanskje bør det meste av kvinneidretten fortsatt drivast på amatørnivå.

Lag di eiga problemstilling der du brukar filmklyppet. lønnslista og kommentaren i drøftinga di.