I Noreg har vi eit kjønnsrollemønster. Ei kjønnsrolle vert definert som den summen av dei krava og forventningane som er knytte til det å være gut og mann, og til det å være jente og kvinne i eit samfunn. Det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret står fortsatt sterkt i Noreg. Det vert forventa at kvinnene har hovudansvar for barna dei fyrste leveåra og at dei har hovedansvar for matlaging og reinhald. Mennene har hovudansvar for den økonomiske forsørginga. Dette gjer at det er langt fleire kvinner enn menn som jobbar deltid. Barn har tette band til mor dei fyrste leveåra og det er derfor naturlig at mødrene har hovedansvar de fyrste åra. Vasking og matlaging blir også naturleg å ha hovudansvar for sidan kvinna er heime store delar av dagen.
Grafen ovanfor viser at menn og kvinner er like aktive i alderen 16-24 år. Henholdsvis 33 og 31% driv med organisert idrett. I alderen 25-44 år der dei fleste stiftar familie endrar dette seg. Langt færre kvinner forblir aktive. Dette er ein konsekvens av kjønnsrollemønsteret som er kommentert ovanfor. Kvinner må trappe ned medan mennene fortsetjer. Er dette rettferdig?
Diskuter denne problemstillinga. Kommentaren skal være på minst 100 ord.
Vi ser i grafen at menn og kvinner i alderen mellom 16 år og 24 år er like aktive i idretten(31-33% med organisert idrett). Når vi kjem til alderen mellom 25 og 44 år stiftar mange familiar, og forholdet til idretten endrar seg. Mange menn fortsetter, men langt færre kvinner held seg aktive, dette er mest på grunn av svangerskap, fødsel og tida med amming etterpå. Dette slit på den fysiske helsa og forma på kroppen. Det blir vanskligere både å finne tid og styrke til å drive idrett medan ungen er liten.
SvarSlettMen sjølv om dette ikkje er tilfelle med alle, er det rettferdig at kvinner trappar ned medan menn fortsetter med idretten?
Ja fordi:
Medan ungen er liten treng den mykje meir oppmerksomheit frå mor enn frå far.
Mødre får det vanskligere i den fysiske forma å fortsette.
Dei får dårlig tid på grunn av jobb, baby og muligens andre ting.
Nei fordi:
Nokre babyer klarer seg med flaskemelk, då blir det lettare for mor og far å samarbeide om kven som skal ta babyen
Ho treng å vil sikkert halde seg i form, då må faren ta ansvar å ta husarbeid osv. slik ho kan ta seg «fri» å halde på med idrett.
Hans Markus
I dag har fedre valget til å ta ut permisjon i 12 veker. Dette er faktisk meir enn det kvinna får, då ho får 9 veker. Men kvinner er bundne til å ta desse ni vekene, medan menn kan velge kor mange veker dei vil ha. På grafen kan vi sjå at menn og kvinner er sånn ca like aktive i alderen 16- 24 år, men når vi kjem til til alderen 25-44 har dei fleste stifta familie, og då går talet på kvinner i organisert idrett ned. Kvinna blir meir aktiv, på grunn av svangerskapet, passe på heimen, passe på barnet når det kjem, amming. Kvinna blir sliten og finn ikkje like lett tid til idrett som ho gjor før.
SvarSlettEr det rettferdig at kvinna skal trappe ned på aktiviteten, medan mannen kan fortsetje?
Om det er rettferdig? Nei, det er ikkje rettferdig. Men likevel skjønar eg kvifor det er slik. Det blir kanskje litt feil å seie at det ligg i genene til kvinnene å ta vare på barna dei første åra, men ein ting som er sikkert er at det ligg meir i naturen til kvinner å ta vare på barn, og når kvinna allerede er heime med barna er det kanskje naturleg at ho tek vare på huset og lagar mat også?
Men likevel trur eg kanskje at denne tabellen ikkje er heilt rett, for dette er berre organisert idrett. No er det fleire og fleire kvinner som driv på med fitness, eller idrett for seg sjølv anten heime eller på eit treningssenter. Og no har vel også mennene like lang permisjon som kvinnene når dei har fått barn? Eg vil eigentleg tru at likestillinga er ganske jamn. Menn held meir på med organisert idrett, medan kvinner kanskje heller trener meir for seg sjølv på treningssenter, heime eller ute.
På grafen ser ein at det er i 25-44-årsalderen at kvinner vert mindre aktive, medan fleire menn forblir aktive. Dette som eit resultat av at det oftast er i denne alderen at ein får born og stiftar familie. At det er kvinna som må ofre si aktive fritid er ikkje rettferdig.
SvarSlettMenn har i dag like lang permisjonstid etter fødselen som det kvinna har, og har like stort ansvar for å ta seg av bornet/borna. Det gamle kjønnsrollemønsteret, der kvinnene skal ha ansvar for hus og heim, bør vekk. Kvinna har rett til fritid nett slik som mannen. Likevel får kvinna eit anna forhold til bornet, som er meir avhengig av mora fysisk. Eit born og ei mor har ei naturleg tilknytning, og dette er noko som ikkje kan endrast. Difor har kanskje kvinnene vanskelegare for å "gje slepp" på borna, og held seg difor meir heime.
Det skal nemnast at statistikken ovanfor mest sannsynleg ikkje omfattar aktivitetar utanfor NIF, som t.d. fitnesstrening. Langt fleire kvinner enn menn deltek på t.d. spinningtimar og liknande.
Eg trur at det er opp til kvar enkelt familie korleis desse forholda utviklar seg. Det er nok ikkje slik at menn nektar å ta seg av borna og gje kvinna den fritida ho har rett til. I dag tek menn meir og meir ansvar heime. Med born og familie får ein sjølvsagt mindre fritid, men då handlar det om korleis ein disponerer denne fritida. Menn er gjerne sosiale gjennom organisert idrett, kvinner har gjerne andre måtar å halde seg sosiale på.
Den dag i dag har vi eit kjønnsrollemønster der kvinnene har hovudansvar for matlaging og vasking, mens mennene skal forsørge. Mora er heime med barnet dei første åra, og det blir derfor naturlig at mora også rydder og vasker, mens faren er på jobb. I denne grafen ser vi at i 25-44 års alderen trener menn betydelig meir i organisert idrett enn det kvinner gjer, dette kan kome av stifting av familie. Er det rettferdig at mora skal gi slipp på treninga fordi ho må vere heime med ungen?
SvarSlettDet er fleire naturlige grunner til at mora er heime med barnet, og derfor går glipp av trening. Mora ber på barnet i 9 mnd, og får dermed eit anna forhold til barnet enn det faren gjer. Barnet blir også avhengig av mora den første tida pågrunn av amming. Det ligg også i moras natur å passe på ungen. Det er forståelig at det har blitt slik at mora er heime å vasker og passer på ungen, og derfor ikkje får tid til å trene. Men dette er allikavel ikkje grunner til at mora skal gå glipp av trening, faren kan jo passe på ungen når han kjem heim fra jobb, og det blir da tid til trening for mora. Etter fødselen er det fleire kvinner som har lyst å bli kvitt magen dei har fått etter fødsel, og dei har kanskje større behov for trening enn det mennene har. Faren har 14 veker med barnepermisjon og da kan mora få tid til å trene, slik dei har rett på.
Eg trur kvinner får trent meir enn det tabellen viser, fordi dei fleste kvinner i denne alderen trener sjølv. Det er kanskje vanlig å drive med organisert idrett som ung, men i 25 + alderen er det fleire som velger å trene aleine. Eg trur altså at kvinner får trent om lag like mykje som menn.
Grafen viser at menn og kvinner i 16 – 24 års alderen er like mykje deltakande (31 – 33%). I 25 – 44 års alderen blir det store forskjellar på menne og kvinner, for det er her dei fleste stiftar familie, og kvinna trappar ned på grunn av svangerskap og ettertida. Kvinna blir ofte sett på som ei «dårleg» mor vist ho ikkje brukar meir tid heime med barnet. Den fysiske tilstanden til kvinna før og etter fødsel er ganske lav, og med barn som vekker deg om nettene blir det vanskelig å finne overskudd til trening.
SvarSlettEr det rettferdig at kvinna skal trappe ned på aktiviteten, medan mannen kan fortsetje?
Eg synes fordeling mellom bør vere meir lik, at mannen kan ta ut meir enn 12 veke permisjon. Det er ikkje rettferdig ovanfor kvinnene, og eg trur mange menn også føler det sann. Eg trur det har mykje med tradisjon å gjere, for etter gammal oppfattning skulle kvinna vere heime med barna, lage mat og rydde huset.
Eg trur at vist dei hadde gjort ein undersøkje no, hadde dei funne at tala på kvinne i idrett/aktivitet er høgare, for mange treningsstudio og grupper tilbyr kvelds treningar, med crossfit og andre aktivitetar saman med andre. Eg trur kvinner er i hovudsak med på aktivitetar for å vere sosial, og når du får trent i tillegg er det berre ein bonus.
Det viser seg at i slutten av tenåra er det like mange kvinner som er aktive innan idrett som menn. Etter dette ser vi ein tydeleg nedgang av idrettsaktive kvinner. Dette truleg fordi mange vel å stifte familie i denne alderen. Kvinner skal då vere heime å ha hovudansvaret for barnet, samt matlaging og husstell. Det er iallefall slik kvinnerolla er framstilt. Mennene på si side skal ha hovudansvaret for den økonomiske forsørginga, og får med det ikkje like mykje tid til barnet som mora. Men det er ikkje rettferdig at kvinner ikkje skal få trene like mykje som mennene. Difor bør fedre ta meir ansvar heime og ta seg av barnet og matlaginga, kanskje ikkje like mykje som kvinner, men meir enn dei gjer.
SvarSlettFor
Likestilling
Trene vekk magen
Pappaperm er ganske lang
Mot
Tek vare på barnet første tida
Fordommar
Andre aktivitetar, barselgrupper, tur osv
Fedre meir tid til idretten sin, kampar, reisar, høgare nivå på alt